×

Vi dyrker landet

Jettegryto barnehage var så heldige å få bli med Norges bondelag sitt jubilumsprosjekt "Vi dyrker landet". Det lokale bondelaget Fusa Bondelag kom med både plantekassar, jord, duk, frø og to trivelege bønder som var med barna å planta reddik, rucola, gulrot og potet.

 

Barna har vore kjempeflinke og passa på og vatna og fulgt spent med på spiringa. Frå før har barnehagen fleire bærbuskar, frukttre og rabarbra. Det har vore lærerikt å sjå korleis me kan så vår eigen mat, og du verden så godt det smakar!!